Skjærgårdstreffet 2019, Askvoll
Alt av veteranbiler! Sidan 1998 har det vorte arrangert Skjærgårdstreff i vakre Askvoll. Konseptet har preg av skjergard, med mykje aktivitetar og moro for store og små.
https://www.facebook.com/Skjaergardstreffet/
Detaljer
Årets konsert under Skjærgårdstreffet vert sjølvaste deLillos!
Det lokale bandet Shitbird varmar opp, og rockecoverspesialistane Kokken Tor sørgar for at stemninga held fram ut over kvelden!
deLillos er:
Lars Lillo-Stenberg
Lars Lundevall
Lars Beckstrøm
Øysten Paasche
deLillos vart danna i Oslo i 1984. Gruppa vert rekna som ei av dei mest markante i norsk musikkliv frå 1980-talet og fram til i dag. Saman med Raga Rockers, DumDum Boys og Jokke og Valentinerne vert deLillos referert til som ein av dei fire store norske rockegruppene.
-------------------------------------------------------------------------------------------
Kokken Tor - en hyllest til norsk rock er:
Torbjørn Gran
Kim Arin Schei
Thomas Lillerovde
Jan Otto Hovden
Kokken Tor er eit norskrock coverband. Med eit repertoar som består av det absolutt beste innan norske rockeslagerar, fangar dei publikum i si hule hand og tek dei med på ein hardtslåande hitkonsert med låtar frå Dum Dum Boys, deLillos, Jokke og Valentinerne, CC Cowboys, Ingenting og Postgirobygget m. fleire.

Shitbird er:
Alice Vie
Ingrid Rivedal Yndestad
Håvard Yndestad
Egil Furenes
Jan Steffen Helle
Shitbird er ei rock-/folk-gruppe med medlemmar frå både Stongfjorden, Holmedal og Fure. Gruppa vart etablert i 2017, oh har sidan då arbeidd med å lage musikk. Bandet opptredde for fyrste gong live jula 2018, og fekk svært gode tilbakemeldingar. I dag jobbar dei med innspeling av sitt fyrste album. All musikken til Shitbird er sjølvkomponert, og gjennom tekst og musikk fortel dei historia om Maddie B and the Moonshine Rockets.

Dato
lørdag 20. juli 2019
Klokkeslett
10:00 – 23:59
Kalender
NMCC kalender